lørdag 14. januar 2012

Tante sin skjønne

IMAG0151 by Sigrun & Ragnar
IMAG0151, a photo by Sigrun & Ragnar on Flickr.

Sjå for ein nydeleg liten fyr...
I tantelaga dress :-)

mandag 9. januar 2012

Kosestund på ein søndag

Lesestund for alle bebisane.
Og det beste poseringsgliset når ho oppdaga fotografen...





mandag 2. januar 2012

Godt nytt år!

I år har eg nyttårsforsett.
I år igjen...


Det er mykje det same som tidlegare år.
Nytt og bedre liv, ikkje sant?
Meir av noke - mindre av noke anna

Gidde ikkje snakke høgt om det, for vi veit jo kor god den fisken pleie å vere.
Det er ikkje berre eg som brukar eit nytt år som løsninga på alle dårlege vanar. Som om det er 2011 som er skyld i at eg ikkje er treningsnarkoman eller sunnhetsideal. Og når året er omme så fortar vi oss og lemper oppgåva over til det nye året - no er det "ditt" problem. Fiks meg!




fredag 23. desember 2011

søndag 11. desember 2011

Førjulskos

Det er tid for kos.
Rett og slett kos i alle krokar og i alle hus.
I dag var det pepperkakehuspynting og julegrøt hos farmor og bestefar.
Mesterverket av husets femåring har fått hedersplass i vinduskarmen,
og er sjølvsagt det finaste huset eg har sett.


Vi hadde tenkt oss på lysfest på Fløien i ettermiddag, men makan til vær... Det regna, slik det kan i Bergen. Og endå litt til igrunn. Og sjølv om regnklær, tursko og hodelykt var klar i sekken, så frista det ikkje særleg.
Når vi kjørte heim i pissregnet sa eg til tidlegare omtalte femåring at eg meinte vi hadde gjort eit klokt valg i å ikkje reise på fjellet...
"ja, du er klok, og det betyr at du kan masse"
ja?
"kossen laga vi fossilar?"
jo, det er jo f.eks. døde dyr som har lagt i leire eller stein i mange mange mange år og som har laga avtrykk
"kossen laga vi trær då? Kan du svare på det også"

(jippi, tenke eg - det kan eg!)

jo, det er jo frø fra fleire trær.... (så avbryte han meg...)
"jaa, men det første treet, mamma... kossen lagde noken det første treet?"
nei, det kan eg ikkje svare på (damn)
"då er du ikkje så klok likevel, då"




torsdag 8. desember 2011

Luer

Det er vinter.
Virkelig...
Det har kome mykje snø (som vel og merke er i ferd med å ren vekk).
Det har vore opp til fleire minusgrader, og no er det storm på veg.
Og trafikken i Bergen har vore kaotisk i eit par dagar.

Alt dette er sikre teikn på vinter.

Likevel er det visst ikkje alltid lett å huske dei små viktige ting.
Ka har alle barn på seg ute no? Ikkje solkrem, ikkje joggesko...

... ja, nemlig - lue
Eg stod utanfor butikken og venta på familien min i fem minutt i ettermiddag og såg ikkje mindre enn tre små håpefulle utan lue. Og det var skikkelig surt, med masse vind. Førstemann hand i hand med ei bestemor, den andre sammen med ei mamma og sistemann på armen til pappa, som sjølv var ikledd ei av desse tjukke klaffeluene med pels inni. Det var like før eg stoppa han og sa at kanskje jenta på armen kunne fått låne den...
Skjerpings!


Eg likar luer
Eg synst det er kjekt å strikke luer
Eg forsyna utvalgte medlemmer av familien min med Arne og Carlos-luer

Luer og refleks, folkens
Det er den tida på året...


søndag 4. desember 2011