torsdag 13. oktober 2011

No er han endeleg her...

Julemarsipanen så klart.
Julemennene har vi sett lenge, men i dag var også marsipanen på plass.

Sjølv er eg ikkje tilhengar av noken av delene - og får iallefall ikkje julestemning av slikt. Men det er kanskje ein liten peikepinn på at vi må begynne å tenke på jul. At det er greit å planlegge litt julegaver - og at det er på høg tid å begynne å produsere ting som skal vere med på julemesse.

Og ønskelister... i år var min kjære svigermor foran julemarsipanen i løypa - og kom med spørsmål om ønskeliste allereie sist helg, 9. oktober... Det er ny rekord - og julegavene kjem sikkert i hus lenge før nissen har leita fram skjegget frå postkassa.

Men heldigvis er eg ein "julete" person. Gler meg over å tenke på julegaver, lage juleting, kose meg med juletankar og julemas. Difor skal eg vere med på to små julemesser i år... sjøl om eg ikkje hadde tenkt til det. Men slikt er jo berre kjekt.

Enn så lenge nyt eg hausten med varm te i litervis og så mykje kos eg klarar...
Denne helga blir det tante-tur til Høyanger og neste helg ein ny tante-tur til hovedstaden...

0 kommentarer: