fredag 28. oktober 2011

Vaffelhjarte

Det er ikkje alltid eg gler meg til barne-tv fordi eg gler meg til det som kjem på sjølve barne-tv... Må innrømme at det som regel er andre ting som gjer den halvtimen attraktiv. Rolege barn, tid til nylaga kaffi (blogge litt).

Men på fredagane sender dei ein ny NRK-serie basert på ei bok av Maria Parr - Vaffelhjarte
Den er berre god...
Og musikken er av Odd Nordstoga, ein av mine favorittar. Eg har kjøpt cd'en og den er god og varm og fin - akkurat som serien.

1 kommentarer:

Beate sa...

Helt enig! Selv her i hus som det ikke bor noen barn ser vi barnetv på fredagen for tiden! :)