Det er tid for kos.
Rett og slett kos i alle krokar og i alle hus.
I dag var det pepperkakehuspynting og julegrøt hos farmor og bestefar.
Mesterverket av husets femåring har fått hedersplass i vinduskarmen,
og er sjølvsagt det finaste huset eg har sett.
Vi hadde tenkt oss på lysfest på Fløien i ettermiddag, men makan til vær... Det regna, slik det kan i Bergen. Og endå litt til igrunn. Og sjølv om regnklær, tursko og hodelykt var klar i sekken, så frista det ikkje særleg.
Når vi kjørte heim i pissregnet sa eg til tidlegare omtalte femåring at eg meinte vi hadde gjort eit klokt valg i å ikkje reise på fjellet...
"ja, du er klok, og det betyr at du kan masse"
ja?
"kossen laga vi fossilar?"
jo, det er jo f.eks. døde dyr som har lagt i leire eller stein i mange mange mange år og som har laga avtrykk
"kossen laga vi trær då? Kan du svare på det også"
(jippi, tenke eg - det kan eg!)
jo, det er jo frø fra fleire trær.... (så avbryte han meg...)
"jaa, men det første treet, mamma... kossen lagde noken det første treet?"
nei, det kan eg ikkje svare på (damn)
"då er du ikkje så klok likevel, då"
2 kommentarer:
Fantastisk! Det er 5-åringen sin det. Gler meg til mange fine meininga-med-livet-samtalar med den vesle filosofen i framtida :-)
Det er glupingen sin det, sette mamman fast på avanserte filosofiske temaer. Live sa til meg: Mamma eg vil bli bibliotekar når eg blir stor..(eg stolt som ein hane) så sa ho: fordi det er så jysla lett
Legg inn en kommentar