torsdag 8. desember 2011

Luer

Det er vinter.
Virkelig...
Det har kome mykje snø (som vel og merke er i ferd med å ren vekk).
Det har vore opp til fleire minusgrader, og no er det storm på veg.
Og trafikken i Bergen har vore kaotisk i eit par dagar.

Alt dette er sikre teikn på vinter.

Likevel er det visst ikkje alltid lett å huske dei små viktige ting.
Ka har alle barn på seg ute no? Ikkje solkrem, ikkje joggesko...

... ja, nemlig - lue
Eg stod utanfor butikken og venta på familien min i fem minutt i ettermiddag og såg ikkje mindre enn tre små håpefulle utan lue. Og det var skikkelig surt, med masse vind. Førstemann hand i hand med ei bestemor, den andre sammen med ei mamma og sistemann på armen til pappa, som sjølv var ikledd ei av desse tjukke klaffeluene med pels inni. Det var like før eg stoppa han og sa at kanskje jenta på armen kunne fått låne den...
Skjerpings!


Eg likar luer
Eg synst det er kjekt å strikke luer
Eg forsyna utvalgte medlemmer av familien min med Arne og Carlos-luer

Luer og refleks, folkens
Det er den tida på året...


1 kommentarer:

Liv Torill sa...

Kanskje det burde stå lue på ønskelista i år