søndag 26. februar 2012

Utebursdag på Eikestølen


Viljar feira bursdagen sin i dag - på Eikestølen, som er ein flott plass som ligg i skogen rett over huset vårt. Vi lånte speidarhytta som ligg der, og kosa oss med bål og servering inne og litt morro ute.


Tuva har også hatt bursdag nettopp og fekk presang. Fiffi og frøken fantefjes blir nok gode vener.


Vi kasta på blink og på blikkboksar (Ida sydde risposar).


Stor entusiasme...


og kule deltakarar - i SOL!


Litt flokar i medaljane, men det vart sjokoladegull på alle :-)

Ein strålande fin dag.
Trur guten sjølv var nøgd.


1 kommentarer:

Sigrun sa...

Det ser ut som det vart ein strålande dag, for store og små! Flaks med veret.

Eg trur kanskje det driv og snur no, forresten. Veret altså. Eg trur nok vestlandet kjem til å få mykje fint ver framover - nedbøren kjem til å flytte seg austover... Klimatisk paradigmeskifte trur eg kjem til å bli det nye ordet i 2012. Spesielt merkbart ca midt i sogn, på nordsia av Sognefjorden :-)